10 tips til korleis du kan få nye vener

Dei fleste synest det er gøy å få nye vener, men det er ikkje alltid like lett. Skulestart gir ein ny sjanse.

1. Oppsøk nye folk

Startar du på ein ny skule vil det vere mange folk der som du kan prate med. Byrjar du på ein fritidsaktivit vil du møte andre som likar det same som deg.

2. Sei hei til nye folk

Kanskje fører det til ein samtale?

3. Augekontakt og smil

Om du smiler mykje og får augekontakt med folk, vil dei like å vere saman med deg.

4. Ver sjølvsikker

Når du er open og pratar med alle, vil folk prate tilbake. Dersom du er trygg inni deg sjølv, er det lettare for andre å vere med deg.

5. Lat som om du ikkje er sjenert

Viss du latar som at du ikkje er sjenert, vil du klare å lure hjernen din, slik at du blir mindre sjenert!

6. Ver modig og start ein samtale

Dei aller fleste vennskap byggjer på like interesser. For å finne ut kven som er interesserte i det same som deg, må du snakke med andre.

7. Still spørsmål

Spør om familien hans eller hennar. Har han/ho søsken? Kva gjer han/ho på fritida? Likar dykk noko av det same? Les han/ho bøker? Kva med filmar, musikk eller dataspel?

8. Rekk opp handa i timen

Munnleg aktivitet i timen er bra uansett, men visste du at det også kan hjelpe deg til å få vener? Det gjer at fleire legg meir merke til deg.

9. Ver positiv

Dei aller fleste av oss vil helst vere saman med nokon som gjer at vi kjem i betre humør. Sprei mykje glede rundt deg! Gje kompliment til dei rundt deg, le og fortel vitsar.

10. Ver deg sjølv!

Sist, men ikkje minst: ver deg sjølv! Øv deg på å vera nøgd med å vera den du er. Gode vener er dei som likar deg slik du er, og for å finne dei venene, må du vere deg sjølv.

Kjelde: Ung.no