3 om å få nye venner

Kva gjer ein når ein skal få nye venner? Vi har snakka med Sondre (10), Minna (10) og Line Birgitte (10) om det!

Sondre Sævareid (10)

Er det lett å få nye vener?

– Ja, det er det. Du kan gå bort å sei hei, vil du vera venen min?

Kva gjer du for å få nye vener?

– Prøver å vera snill med dei, spør om dei har lyst å komme på besøk, eller bli med heim frå skulen.

Kva finn du på saman med venene dine?

– Vi speler i lag, for eksempel Roblox. Vi overnattar hos kvarandre, leiker på skulen i lag.

Minna Molnes Nielsen (10)

Er det lett å få nye vener?

– Ja, men ein må gjera ein liten jobb viss ein vil ha ein ny ven. Du kan ikkje berre gå bort å seie «vi er vener», du må seie hei, og spør om vi skal leike i lag.

Kva gjer du for å få nye vener?

– Eg prøver å finne på gøye ting vi kan gjere saman. På den måten blir eg kjent med folk. Eg speler fotball i friminutta, og der blir eg også kjent med nye vener.

Kva finn du på saman med venene dine?

– Vi inviterer kvarandre heim, vi drar på overnatting, leiker i lag. Turnar, eller hoppar på trampolinen, høyrer på musikk, speler fotball. Nokon gonger leiker vi med slim. Vi gjer det alle vil gjere. Det er ikkje slik at éin kan bestemme alt. Vi deler på å bestemme.

Line Birgitte Saltvold-Frette (10)

Er det lett å få nye vener?

– Av og til, av og til ikkje. Lett når begge er einige om det, men vanskeleg når nokon ikkje vil vera venen din.

Kva gjer du for å få nye vener?

Eg prøver å vera snill, og eg prøver å gjer slik at dei vil vera venen min, seier fine ting til dei, og eg gir kompliment. Inviterer dei med heim for å bli kjent. Eg spør om dei har lyst til at eg skal komme til dei.

Kva finn du på saman med venene dine?

– Leiker, tullar, kosar oss, vi snakkar.