7 tips til deg som stressar

Ung.no har laga sju supre tips til deg som kjenner på stress.

Sett av 10–15 minutt til «grubling»:

Det er viktig at du gjer dette når du er skjerpt, vaken og har overskot. Tenk gjennom alt du bekymrar deg over og skriv det ned. Viss slike tankar likevel kjem når du skal legga deg – ha ei notatbok klar på nattbordet. Skriv ned det du tenker på og sei til deg sjølv at du kan ta tak i problema neste gong du har sett av «grubletid».

Få oversyn:

Når du har mykje du skal gjera, kan du føla at det blir for mange ting samtidig, og at alt verkar lika viktig. Då kan det hjelpa å laga eit oversyn over alle oppgåver og skriva ned kva tid dei ulike oppgåvene skal vera gjort.

Les meir: Slik taklar du stress

Sjå for deg situasjonen på førehand:

Viss det er noko du gruar deg til å gjera, kan du sjå føre deg i hovudet at du gjer det. Gå gjennom i detalj det du skal. Når du øver deg på denne måten er det større sjanse for å taklar stresset i situasjonen.

Senk krava til deg sjølv:

Stress er ofte knytt til ei kjensle av at du ikkje strekkjer til. Det kan kjennast som at alle andre er betre enn deg, og får til meir enn deg. Viss du har det slik kan det vera lurt å dela opp alt i fire ulike boksar.

  1. Kva VIL du gjera?
  2. Kva MÅ du gjera?
  3. Kva BØR du gjera?
  4. Kva tenker du at alle andre gjer som du òg synest du bør gjera?

Sjå på boksane. Er det noko av dette som kan venta? Noko som eigentleg ikkje er så viktig for DEG? Når livet er krevjande må du gi deg sjølv lov til å kutta ned på alle «bør»-oppgåvene.

Ta vare på deg sjølv:

Viss du får eit sår på armen din må du reinsa såret, ha på plaster og verna den delen av deg sjølv til såret har byrja å gro. Når me derimot får emosjonelle «sår» – til dømes når me gruar oss veldig, når me feilar eller blir avviste, er det typisk å tenka om og om igjen på kva som gjekk gale. Me fortel oss sjølv kor dårlege me er, at me ikkje er bra nok, at me ikkje fortener betre og at det ikkje er rart det gjekk gale. Dette er det motsette av å pleia såret. Prøv heller å snakka til deg sjølv slik du ville gjort om du skulle trøysta ein god venn.

Vêr sosial:

Ver saman med menneske som er viktige for deg! Ein av dei beste måtane å stressa mindre på er å ha nære og trygge relasjonar. Det er derfor lurt å bruka ekstra tid med menneske du er glad i. Det handlar ikkje om å ha flest venner, men det å ha god kvalitet i vennskapen.

Kopla av:

Av og til er det heilt greitt å ikkje gjera noko som helst, eller berre gjera noko som er avslappande.

 

Kjelde: Ung.no