Ny FN-avtale skal verne 30 prosent av havet

Havavtalen The High Seas Treaty kom i mål etter nesten to tiår med diskusjonar. 

Etter fem rundar med forhandlingar, vart over 100 land endeleg samde om ei bindande havavtale.

Landa pliktar seg til å verne 30 prosent av verdas hav innan 2030. I tillegg skal meir pengar gå til å ta vare på havet.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide Foto: Cecilie Stuedal

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) seier avtala er eit stort og viktig gjennombrot.

– Mesteparten av kloden er hav, og her finn vi store delar av klodens biologiske mangfald. Endeleg har verdshava fått si miljøavtale, seier Barth Eide i ei pressemelding om avtalen.

Havavtalen The High Seas Treaty kom i mål etter nesten to tiår med diskusjonar og fire år med forhandlingar.

Skal verne havområde

Nesten to tredelar av verdshava ligg utanfor nasjonale grenser, såkalla internasjonalt farvatn.

Den nye avtala tek føre seg nettopp desse herrelause hava. Ho lagar eit juridisk rammeverk for å beskytte dyrelivet som bur der. Til no har berre 1,2 prosent av internasjonalt farvatn vore verna.

I verneområda er det grense for kor mykje ein kan fiske, kor handelsskip skal gå og kor ein kan drive med aktivitetar som gruvedrift djupt i havet.

Målet er å sikre berekraftig bruk av havressursar, samstundes som ein vernar rettane og interessene til dei involverte landa.


Les meir: Eit hav med mindre plast