Undervassrobot kan ha funne over 100 nye artar

Artane lever i havet utanfor Chile.

Ei internasjonal gruppe forskarar kan ha oppdaga over 100 nye artar, skriv VG. Artane lever i undervassfjell utanfor kysten av Chile. Eit undervassfjell er eit fjell på havbotnen som er minst 1000 meter høgt utan å komme over havoverflata.

Schmidt Ocean Institute sende ein robot for å kartlegge havbotnen og undersøke ti undervassfjell. Målet med kartlegginga var å finne ut korleis Chile betre kan ta vare på desse områda.

KORALL: Denne korallen lever på 1419 meters djup. Foto: ROV SuBastian / Schmidt Ocean Institute

Roboten kan gå så djupt som 4500 meter. Ved hjelp av roboten fann forskarane ut at kvart undervassfjell hadde eit unikt økosystem. I tillegg oppdaga dei over 100 artar dei meiner er heilt nye.

HUMMER: Denne hummeren fann roboten i ein korall på 669 meter. Foto: ROV SuBastian / Schmidt Ocean Institute

Forskarane undersøker no artane nærmare for å få bekrefta eller avkrefta om dei er nye artar. Forskarane vil også undersøke havbotnen meir i løpet av året.

BLEKKSPRUT: Denne blekkspruten såg roboten på 1105 meters djup. Foto: ROV SuBastian / Schmidt Ocean Institute