Finland som elles er kjent for å vera eit av svært få land som satsar på atomkraft, har no starta med vindmøller, skriv Verdens Beste Nyheter.
Det har forsterka kapasiteten til å produsera vindkraft med nesten 75 prosent på berre eitt år.
Tala kjem frå bransjeorganisasjonen Finnish Wind Power Association. Dei forventar at utbygginga av vindkraft vil halda fram i Finland i dei kommande åra, slik at vindkraft vil dekkja 28 prosent av Finlands samla elektrisitetsforbruk allereie i 2025.
- LES MEIR: Kva er FN sine berekraftsmål?