Kva er FN sine berekraftmål?

Berekraftmåla frå FN er verdas felles plan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Veit du kva plan dei har?

MÅL 1: “Utrydde alle formar for fattigdom i heile verda”. 

I 1990 levde 36 prosent av verdas befolkning i ekstrem fattigdom. Sidan den gong har andelen ekstremt fattige blitt meir enn halvert. 767 millionar menneske lev i dag under fattigdomsgrensa.

MÅL 2: “Utrydde sult, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk”.

Vi må tenkje nytt om måten vi dyrkar, fordeler og brukar maten vår.

MÅL 3: “Sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder”

MÅL 4: “Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje høve for livslang læring for alle”.

Jenter og gutar skal ha lik tilgang til utdanning med god kvalitet, og den skal vera gratis.

MÅL 5: “Oppnå likestilling og styrke jenter og kvinner si stilling”.

Begge kjønn skal ha like rettar og moglegheit til å bestemme over eige liv.

MÅL 6: “Sikre berekraftig vassforvaltning og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle”.

Det finst nok ferskvatn på planeten, men dårleg økonomi gjer det vanskeleg å få vatnet fram til alle som treng det.

MÅL 7: “Sikre tilgang til påliteleg, berekraftig og moderne energi til ein overkommeleg pris for alle”.

Energi er den største årsaka til klimaendringar gjennom utslepp av CO2 og andre klimagassar. Løysinga er fornybar energi som vasskraft, vindkraft og solkraft. Fornybar energi er berekraftig.

 

MÅL 8: “Fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetting og anstendig arbeid for alle”.

Cirka halvparten av verdas befolkning kan ikkje leve av løna dei har. Å skape arbeidsplassar er eit av dei største måla for alle land fram mot 2030.

MÅL 9: “Byggja solid infrastruktur, fremja inkluderande og berekraftig industrialisering og bidra til innovasjon”.

Dette betyr at alle land må investere i å lage gode vegar og system for korleis dei til dømes skal få frakta reint vatn til dei som treng det mest, eller korleis dei skal skape meir fornybar energi i staden for å bruke energi som vi ikkje kan bruke om att. Som til dømes olje. 

MÅL 10: “Redusere ulikskap i og mellom land”. 

Fleire land er blitt rikare, men det betyr ikkje at det blir mindre fattigdom. Difor må skilnadane mellom landa bli mindre. Og det må bli mindre skilnadar mellom dei rike og dei fattige som bur i same land. 

MÅL 11: “Gjere byar og busettjingar inkluderande, trygge, motstandsdyktige og berekraftige”. Meir enn halvparten av verdas befolkning bur i dag i byar, og det blir berre fleire og fleire. Byane står for 75 prosent av alle klimagassutslepp.

MÅL 12: “Sikre berekraftig forbruks- og produksjonsmønstre”.

Det betyr at vi må ha meir berekraftig produksjon av ting. Vi må bruke mindre energi, redusere skadane vi gjer på miljøet, og få ned klimagassutsleppa.  

MÅL 13: “Handle umiddelbart for å bekjempe klimaendringane og konsekvensane av dei”.

I tillegg til å kutte i utslepp og fange og lagre CO2, må det satsast meir på fornybar energi og anna rein energi. 

MÅL 14: “Bevare og bruke hav og marine ressursar på eit vis som fremjar berekraftig utvikling”.

Det er verdshava – deira temperatur, kjemi, straumningar og liv – som driv dei systema som gjer det mogleg for menneska å leve på jorda. Regn, drikkevatn, véret, klimaet, mykje av maten vår og til og med lufta vi pustar inn er regulert av havet.

MÅL 15: “Verne, gjenopprette og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvalting, kjempa mot ørkenspreiing, stanse og reversere landforringelse samt stanse tap av artsmangfald”.

Dette betyr at vi må ta vare på skogen. Skog dekkjer 30 prosent av jorda si overflate, og den gir mat, ly, tek vare på mange dyreartar og er heimen til mange urfolk. Avskoging og ørkenspreiing er store utfordringar når det gjeld å skape berekraft.

MÅL 16: “Fremje fredeleg og inkluderande samfunn med sikte på berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå”.

Dette betyr at FN vil halde fram med å sikre internasjonal fred. Fred og sikkerheit har alltid vore deira hovudoppgåve.

MÅL 17: “Styrke midlar til å gjennomføre, og fornye globale partnerskap for berekraftig utvikling”.

For å lukkast med berekraftmåla er det naudsynt med nye og sterke partnarskap. Myndigheiter, bedriftar og vanlege folk må samarbeide for å få ei berekraftig verd.

(Kjelde: FN)