Den amerikanske presidenten besøkte Ukraina

Besøket kjem same veka som eittårsdagen til krigen.

Denne veka besøkte den amerikanske presidenten, Joe Biden, den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj i Kyiv. Der annonserte han at USA kjem til å støtte Ukraina med ein halv milliard dollar, rundt 5 milliardar kroner.

I tillegg kjem dei til å kome med fleire sanksjonar mot Russland. Sanksjonar er når eit land straffar eit anna land økonomisk. Det kan vere alt frå å ha gebyr på varer frå det andre landet til å slutte å handle med dei.

Besøket skjer same veka som eittårsdagen for at Russland invaderte Ukraina. Fredag 24. februar er det fleire som markerer dette, blant anna i Noreg. Den ukrainske foreningen i Norge har ei hovudmarkering i Oslo framfor Stortinget og den russiske ambassaden, men det er også fleire andre markeringar rundt om i landet.

Sidan krigen starta har det døydd over 7000 sivile personar i Ukraina, og over 11 000 er skada, ifølgje Statista. Rundt 5,2 millionar ukrainarar har flykta til utlandet og 7 millionar er internt fordrive i landet.