Slik skal resirkulert menneskehår hjelpe miljøet

Menneskehår trekker til seg olje. Det kan kome godt med for å hindre dei verste konsekvensane av oljesøl.

Veit du kva som skjer med det avklipte håret ditt når du er hos frisøren? Truleg går det rett i søppelbytta.

Men fleire organisasjonar vil ha ein slutt på dette. Dei meiner nemleg at håret kan kome til nytte, sjølv når det ikkje er på hovudet ditt.

Menneskehår mot oljesøl

Organisasjonar i fleire land har begynt å samle inn håret som hamnar på golvet hos frisøren. Dette håret vaskar dei, og så brukar dei det til å lage matter!

Organisasjonane håpar mattene kan vere nyttige til å hindre skadane frå oljesøl. Menneskehår trekker nemleg til seg olje.

Konsekvensane av oljesøl kan vere store – det kan føre til forureina drikkevatn, og er ein risiko for både plante- og dyreliv.

Oljesøl kan vere skadeleg for dyr. Om fuglar får olje i fjæra sine, så klarar dei ikkje halde på kroppstemperaturen eller flyge. Oljen er giftig om dei får den i seg. Foto: Igor Golubenkov/Flickr/CC BY 2.0

For å lage ei matte treng ein éin kilo menneskehår. Kvar matte kan trekke til seg sju-åtte liter olje, seier belgiske Patrick Janssen til nyheitsbyrået Reuters.

Han er medgrunnleggjar av organisasjonen The Hair Recycle Project, som lagar slike matter.

– Alle kan lage ei hårmatte

Den amerikanske organisasjonen Matter of Trust var tidleg ute. Dei har laga hårmatter sidan år 2000. Organisasjonen har lokale partnarar som produserer matter i 17 land verda over.

– Alle kan lage ei hårmatte. Det skapar grøne jobbar, det reinsar vatnet, det reduserer avfall i landsdeponi, og det promoterer fornybare ressursar, seier grunnleggjar Lisa Gautier til CNN.

Ho gler seg over at rørsla veks. I fjor vart 550 frisørsalongar i Storbritannia og Irland einige om å samle opp hår.