Forskarar fann fugl dei trudde var utrydda

Det unike fuglefunnet fekk dei til å juble.

Ei svarthalsa fasandue har blitt filma i jungelen på Papa Ny-Guinea. Sist gong lokale folk såg fuglen var på 70-talet og ingen forskarar har observert fuglen sidan 1882, for 140 år sidan.

Den nye filmen av fuglen stadfestar med det at fuglen ikkje er utdøydd slik ein trudde. Reaksjonane let ikkje vente på seg blant dei som leia ekspedisjonen på øya.

– Det kjennest som å ha funne ein einhyrning, jubla amerikanaren John C. Mittermeier, ein av leiarane i ekspedisjonen, i etterkant.

Sjå videoen der dei reagerer på funnet: 


Illustrasjonsfoto: Kråke blant bos på parkeringsplass i Lillehammer.
Foto: Paul Kleiven / NTB