Det engelske landslaget adopterer katten Dave

Fotballspelarane vart veldig glad i katten frå Qatar.

Det engelske landslaget stikk ikkje heim frå verdsmeisterskapet i fotball åleine. Dei har bestemt seg for å ta med seg katten Dave tilbake til England.

Dave er ein lauskatt som vart ein fast gjest ved laget sine middagar medan dei var i Qatar. Spelaren John Stones byrja å kalle han «Big Dave», eller Store-Dave, etter han forsynte seg godt av maten.

Opphavleg sa laget at dei skulle ta han med heim, dersom dei vann meisterskapet. Trass i at det ikkje vart siger, hadde dei vorte så glad i katten at dei likevel adopterer han.

Etter å ha kome til England skal Dave til ein veterinær, og vere i ein karantene på fire månader, før han kan venne seg til sin nye heim.


Medan David Cameron var statsminister fekk Larry helsa på dåverande president i USA, Barack Obama. Foto: Pete Souza/Det kvite hus/Offentleg eigedom/via Wikimedia Commons