
Emily Vatle-Dahl:
Eg tener vekepengar ved å: Eg vaskar bad, støvsugar og ber ut boset.
Eg betaler med: Bankkort og Vipps
Ansvar for eigne pengar: Kan vera litt vanskeleg! Men, det går som oftast fint. Det kan vera vanskeleg å velja om eg skal bruka pengane eller om eg ein bør spara dei.

William Stautland Compson:
Eg tener vekepengar ved å: Støvsuga, rydda i gangen, tørka støv, eller moppa golvet.
Eg betaler med: Bankkort
Ansvar for eigne pengar: Er bra! Då veit eg kor mykje pengar eg har, både kor mykje eg har på sparekontoen og på kortet. Det sjekkar eg i mobilappen, og det sjekkar eg ganske ofte.

Daniel Razoul:
Eg tener vekepengar ved å: Eg får vekepengar viss eg støvsugar, ryddar, handlar, dekker på bordet og hjelper med middagen. Av og til gjer eg det berre for å hjelpa til heime. Det likar eg. Foreldra mine blir så glade! Spesielt viss eg overraskar dei med å gjera noko dei ikkje har bedt om. Det er gøy!
Eg betaler med: Bankkort
Ansvar for eigne pengar: Når me har avtalt at eg skal få betalt for oppgåver heime, likar eg å spara vekepengane. Draumen er å spara til ein bil i framtida. Eg blir freista, men tanken på at eg kan spara til noko større gjer ofte at eg ikkje kjøper ting. Det er ofte kortvarig lykke å handla, synest eg.