Dette er dei rikaste under 30 år

Den rikaste i Noreg er laksearving og 29 år.

Salmar-arving Gustav Magnar Witzøe (bildet) toppar lista over dei under 30 med størst formue i 2021. Han hadde 19,7 milliardar i formue.

Søstrene Alexandra G. Andresen og Katharina G. Andresen kjem på dei neste plassane med 4,9 milliardar i formue. Dei kjem frå Andresen-familien som har tent seg rike på sal av tobakk.