- Får du ikkje vekepengar heime? Lag deg ein plan over kva oppgåver du vil gjera, og spør foreldra dine om det er mogleg.
- Lag deg eit budsjett slik at du klarar å fordela pengane utover i veka. Tenk gjennom kva du treng pengar til, slik at du ikkje går tom.
- Set av pengar til sparing med ein gong du får vekepengane.
- Får du lyst å kjøpa noko, spør deg sjølv om det er noko du treng? Kva verdi har det i høve til noko anna du også har lyst på? Kanskje det er betre å spara pengane? Gjer dette meg glad i lang tid framover, eller gjer det meg glad her og no?
Gode vekepengetips frå bank-Silje
Forbrukarøkonom Silje Sandmæl synest vekepengar er supert når barn og unge skal læra om økonomi.