Møt vampyrflaggermusa!

Evolusjonsbiolog Hanna Nyborg Støstad har skrive ei kul bok om evolusjon. Framtida Junior har fått visa fram nokre av dei rare dyra du møter i boka «Eventyrlige dyr». I dag er det den blodtørstige vampyrflaggermusa sin tur.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

Vampyrflaggermusene bur i hòler under bakken i Latin-Amerika. Om dagen heng dei opp ned i hòlene og søv, men om natta flyg dei ut i mørket. Dei er på leiting etter blod. Dei finn eit dyr, kanskje ei ku eller ein tapir, og bit eit bitte lite hol i det store dyret. Så drikk dei blodet som piplar ut. Blodet er maten deira.

FORFATTAR: Hanna Nyborg Støstad er evolusjonsbiolog. No har ho skrive boka «Eventyrlige dyr» saman med illustratør Simon Dahle Nyhus.

Dei høyrest grufulle ut, men vampyrflaggermus er faktisk veldig snille med kvarandre. Når dei kjem heim til hòla om morgonen, er det ofte nokon som ikkje har klart å finna eit måltid. Då får dei heldigvis hjelp:

Dei flaggermusene som fann blod, gulpar opp litt av blodet til dei svoltne vennene sine, som takksamt slurpar det i seg.

Det er lurt å gi bort litt av fangsten. Flaggermusene hugsar nemleg kven som pleier å gi dei blod, og kven som ikkje gjer det. Jo meir gavmild ein flaggermus er når ho er mett, desto meir blod får ho tilbake frå dei andre når ho er svolten. Dei som gir kvarandre mat, blir nok gode venner!

(Utdrag frå «Eventyrlige dyr», Cappelen Damm)