Mammutane vandra rundt i store deler av Nord-Amerika, Europa og Asia, før dei døydde ut for om lag 4000 år sidan. Her i Skandinavia er det gjort meir enn 20 funn av fossile mammutar, der dei fleste funna er i Gudbrandsdalen og ved Mjøsa i Noreg, skriv SNL.
No har derimot gruvearbeidarar oppdaga ein nesten perfekt bevart mammutbaby, som har vore gravlagd i permafrosten nordvestlege Canada, skriv BBC.
– Rett og slett utruleg
Framtida Junior har vore i kontakt med ein av forskarane som vart kontakta for å undersøka og henta mammuten. Dan Shugar fortel at det var utruleg inspirerande å sjå dyret med sine egne auge.
– Det var rett og slett utruleg å sjå noko som døydde for 35 000–45 000 år sidan, som har vore innkapsla i permafrosten sidan då, og framleis nesten ser ut som om det døydde i går, seier han.
Nun cho gav
Dette er første gong det blir gjort eit funn av ein så og seia komplett mumifisert mammut i Nord-Amerika. Mammuten er så godt bevart, at ein tydeleg kan sjå både snabel, negler og restar av hår.
Det kjem fram i ei pressemelding frå Yukon-regjeringa og Tr’ondek Hwech’in First Nation.
Forskarane trur mammuten har vore ei jente, og har gitt ho namnet Nun cho gav. Det betyr «stort babydyr» på Han-språket, som blir snakka av urfolket i funnområdet.
- Les også: Visste du at det budde mammutar i Noreg?
– Eit av dei mest utrulege mumifiserte istidsdyra
– Som ein paleontolog som jobbar med istida, har det vore ein av dei livslange draumane mine å stå ansikt til ansikt med ein ekte mammut. Den draumen gjekk i oppfyllelse i dag. Nun cho gav er vakker og eit av dei mest utrulege mumifiserte istidsdyra som nokon gong er oppdaga i verda. Eg er spent på å bli meir kjent med ho, seier Grant Zazula i pressemeldinga.
Ein patentolog jobbar med forhistorisk liv, både i planteriket og i dyreriket.
Nun cho gav er omtrent like stor som ein annan mammut-baby, som vart oppdaga i Sibir i 2007. Han var rundt 42 000 år gamal.
Wow! This is the most complete mummified woolly mammoth ever found in North America. The preservation of this calf is remarkable! 🦣
The discovery has just been announced today.
It was found on June 21, 2021 in the Klondike gold fields, Yukon, Canada.
📸 by Willem Middelkoop. pic.twitter.com/McsFVK0Bep
– Dr Dean Lomax (@Dean_R_Lomax) June 24, 2022