Visste du at det budde mammutar i Noreg?

Mammuten er eit av dei mest kjende utdøydde dyra som har levd på jorda. Dei døydde ut for 12.000 år sidan.

0
Illustrasjonsfoto: Colourbox

I Noreg er det funne fossilar frå meir enn 20 mammutar. Fossilane det er snakk om er delar av tenner og knoklar, skriv SLN.

Dei fleste av desse er funne i Gudbrandsdalen og ved Mjøsa, og det er stadfesta at fossilane er meir enn 40.000 år gamle. Det tyder på at mammutane i Noreg levde i den siste mellomistida, som inntraff her for 125.000–115.000 år sidan.

Med andre ord er det veldig lenge sidan mammutane gjekk dei same turane som det me gjer i dag.

Det er også funne fossilar for mammutar i Sverige og Danmark, men spesielt i Danmark er det gjort mykje funn. Årsaken til dette er at fossilane er blitt ført sørover frå Noreg og Sverige med isbreane.