Koronavaksinen redda opp mot 20 millionar liv

Ein ny studie slår fast at vaksinen har redda veldig mange liv. Enno fleire kunne vore redda, om fleire hadde tatt vaksinen.

Forskarar har komme fram til at 19,8 millionar liv, av potensielt 31,4 millionar dødsfall, vart redda av koronavaksinen. Dei har også funne ut at opp mot 600.000 liv kunne vore redda, dersom alle land hadde nådd målsetninga om å vaksinera minst 40 prosent av befolkninga si, innan slutten av 2021.

Det skriv NTB i ei sak.

Studien det er snakk om, er publisert i helsetidsskriftet The Lancet. Den tek utgangspunkt i tal og data frå 185 land, i tidsrommet mellom desember 2020 – desember 2021.

– Katastrofalt

Oliver Watson, som leidde studien, beskriv ein skummel situasjon, dersom me ikkje hadde hatt tilgang til vaksinar mot koronaviruset.

– Katastrofalt er det første ordet som fell ein inn, dersom verda ikkje hadde hatt vaksinen i kampen mot viruset, seier han.

Offisielle tal frå Verdas helseorganisasjon, viser at 6,3 millionar menneske har døydd av koronaviruset. Truleg er det eigentleg talet på rundt 15 millionar.