Denne oppfinninga passar perfekt på tacofredag

Er du ein av dei som alltid grisar med tacolefsa? Då må du sjekke ut denne nye oppfinninga!

Kven har vel ikkje opplevd at tacolefsa kan vera litt utilrekneleg når du set tennene i ho? Fyller du lefsa med for mykje, eller har litt for flytande innhald, er det fort at det blir ein sprekk eller to i den mexicanske fredagsfavoritten. Og plutseleg hadde du grisa deg til.

Nettopp dette er årsaka bak oppfinninga til dei fire amerikanske ingeniørstudentane Tyler Guarino, Erin Walsh, Marie Eric og Rachel Nie. Då Erin ein dag fekk heile lunsjen i fanget, fann dei ut at dei ville gjera noko med problemet.

Fann opp «Tastee Tape»

Og kva var løysinga? Jo, ein tape som både held tacolefsa saman og kan etast! Ifølgje CNN har tapen fått namnet «Tastee Tape».

For å komma fram til eit ferdig produkt, brukte studentane fleire månader på å studera normal tape. Dei har fortalt at dei hadde tre kriterium for tapen dei skulle utvikla: Han måtte vera fargelaus, utan smak og rar konsistens.

Det har studentane no fått til!

GIF: giphy.com

Vil ha den på rull

For å bruka tapen, må du først fjerna den frå eit vakspapir. Deretter må den fuktast, før den plasserast på tacolefsa.

Studentane fortel at dei håpar at den på eit eller anna vil vera tilgjengeleg på rull – slik som vanleg tape.

– Me har lært mykje om produktdesign, prototypar og patentering i denne prosessen. Me er veldig takksame for at me fekk denne moglegheita før me var ferdig med skulen, sidan den har lært oss masse, seier studentane til CNN.

Her kan du sjå tapen i bruk: