Dramatisk nedgang i kinobesøket

Billettsalet til norske kinoar har stupt sidan filmen «Spider-Man: No Way Home» gav tidenes opningshelg i slutten av januar.

Norske kinoar slit med å få inn publikum om dagen. Samanlikna med med månadene januar til april i 2018, har kinobesøket gått ned heile 37 prosent. Nedgangen er 22 prosent samanlikna med 2019. Det viser tal frå bransjeorganisasjonen Film & Kino.

– Det er klart det er dramatisk når ein ikkje er tilbake på det nivået me hadde håpt og trudd enno, seier direktør Guttorm Petterson i Film & Kino til Aftenposten.

1 million billettar

Norske kinoar sel vanlegvis rundt 1 million billettar i gjennomsnitt kvar månad. I årets fire første månader vart det selt i snitt berre 659.000 billettar.

Mykje av årsaka er mangel på skikkelege storfilmar. Mellom anna er den norske storfilmen «Kampen om Narvik» utsett på ubestemt tid på grunn av krigen i Ukraina.

Norske krigsfilmar er enormt populære. Eksempelvis vart «Den 12. mann» sett av godt over 600.000 personar.

GIF: Giphy.com