I år heiser me flagget, om mogeleg, endå høgare i flaggstonga!

17. mai-tale av Mariell Gundersen og Adrian V. Heggen 2022, 5. klasse ved Ølen skule. Talen kom på 2. plass i skrivekonkurransen til Framtida Junior.

I år heiser me flagget, om mogeleg, endå høgare i flaggstonga! Og me står endå tettare saman, som nasjon og som folk. Sist 17. mai var litt annleis, men me håper denne 17. mai feiringa blir betre.

Først vil me bare sei gratulerer men dagen Noreg! Denne talen er spesielt skriven til dei som ikkje har det så bra, men og ein tale som så klart er om 17. maifeiringa og korleis den blei til.

Me håper alle får ein fin 17. mai denne gongen. Me saknar å sjå barn stappa innpå is og pølse – og sjølvsagt barnetoget.

For 208 år sidan gjorde alle dei 112 eidsvollsmennene noko ganske bra for Noreg. Dei laga ein grunnlov på Eidsvoll. Me blei leia av danskane i cirka 400 år, så viss ikkje forfedrane kjempa for landet vårt, hadde ikkje dette landet blitt til Noreg. Og me hadde ikkje vore her å skrive denne talen.

Det er mange så ikkje har det så bra, til dømes ungar som har foreldre og føresette som er rusavhengige eller som drikkar mykje alkohol. Det kan vera at nokre føresette ikkje har så mykje pengar så dei ikkje har råd til så mykje. Dei har forsatt rett til å feira 17. mai. Ver snill å gi litt til dei så ikkje har det så bra. MEN ET MASSE IS🍦

Denne talen var passeleg lang, men me vil fortsatt slutta med ein song.

Ja, vi elsker dette landet som det stiger frem furu, værbitt, over vannet med de tusen hjem, Elsker elsker det og tenker på vår far og mor og den saganatt som senker drømmer på vår jord og den saganatt som senker, senker Drømme på vår jord.

Ha ein fin 17.mai. Takk for oss❤️ Grattis med dagen NOREG❤️ 🤍💙