Den norske barnegrøssaren Udyr blir gitt ut i USA

Ingvild Bjerkeland har teke mange unge lesarar med storm med grøssaren Udyr. No har eit amerikansk forlag kjøpt rettane og skal gi ut boka på både engelsk og spansk i USA.

Udyr er ein grøssar for barn og unge mellom 10 og 14 år. Ingvild Bjerkeland frå Haugesund har skrive boka som vann Arks barnebokpris i 2023 og er nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024. Udyr var også superfinalist til Bokslukerprisen 2024 og i dag blir det kunngjort at Udyr er nominert til Barnas bokpris 2024 av Bergen Offentlige Bibliotek.

Det er det amerikanske forlaget Levine Querido som har sikra seg dei verdsomspennande rettane dei til engelsk og spanskspråklege utgåvene av Udyr. Levine Querido er eit uavhengig forlag som vart grunnlagt i 2019 av den renommerte forleggjaren Arthur A. Levine, som førte Harry Potter-bøkene til den amerikanske marknaden.

Jubel i det norske forlaget

– At Udyr no kjem ut i USA, viser at Bjerkeland har skrive ei forteljing med usedvanleg høg gjennomslagskraft. Når ei norsk barnebok klarer reisa over Atlanteren, handlar det om den litterære kvaliteten av boka og eigenart. Den må tilføre noko heilt unikt i ein allereie metta marknad, fortel rettsredaktør i Cappelen Damm Agency, Ida Amalie Svensson i ei pressemelding.

Også forfattaren jublar.

– Eg er veldig stolt over at Udyr skal givast ut på både engelsk og spansk i USA. Det er heilt fantastisk at boka no blir tilgjengeleg for så mange nye lesarar! fortel forfattar Ingvild Bjerkeland.

Om barn på flukt

Udyr handlar om barn på flukt, samfunnskollaps og omsorg for eins næraste. 13 år gamle Abdi fortel flukthistoria si saman med veslesøstera.

Dei andre forlaga som har kjøpt rettane så langt er Beltz Verlag i Tyskland, Lilla Piratförlaget i Sverige og Gyldendal i Danmark.