Professoren meiner at Putin må tapa for at krigen skal ta slutt, og at Putin ikkje bryr seg om framtida. No meiner han Europa og USA må gjera alt dei kan for å hjelpa Ukraina.
LES OGSÅ: Fortnite samla inn meir enn 1,2 milliardar til Ukraina
– Krigen i Ukraina vil berre slutta på éin måte, meiner Snyder. Ukraina må vinna! Alle spør no kva me må gjera for at Putins regime skal slutta å slåst, men svaret er enkelt: Han må tapa. Berre når han forstår at han har tapt, vil krigen vera over, seier professoren til NRK.