– Breiddespeling er artig. Men etter kvart kjem ein til eit punkt der ein må velja om ein vil gjera det for moro, eller å satsa for å bli betre. Du kan samanlikna det med om du vil satsa, eller ikkje satsa på fotball, seier Kaspar Seip (18).
Han, Erik Skar (16) og Oliver Mjøen (16) var alle i ein situasjon der dei kjende på ei lyst til å bli betre i gaming.
Å søka seg inn på toppidrettslinja med e-sport ved Tiller vgs. i Trondheim, var derfor eit heilt naturleg val då dei fekk moglegheita. Og moglegheita – den er ganske ny.
For gutane er nemleg i den første puljen av e-sport-elevar ved Tiller.
– Me blir nesten som forsøkskaninar, fortel dei.
Variert skuledag, men alltid fokus på e-sport
Erik, Kaspar og Oliver har ein veldig variert skulekvardag. Dei har fagdagar med e-sport to dagar i veka, i tillegg til vanlege fag som treningslære, kroppslære, matte, norsk og samfunnsfag. Læreplanen deira er lagt opp for å lura inn e-sporten i fleire av dei vanlege faga, noko som gjer at elevane føler på ein heilskap.
– Me kan mellom anna ha oppgåver om statistikk frå spelet vårt i matte-timane, eller læra om kjønnsroller i e-sport i samfunnsfags-timane, seier Erik.
Gutane synest ikkje det er rart at e-sport fell under idrettslinja. For er det noko dei har lært – så er det at den fysiske og mentale helsa heng tett saman.
– Lett å tru at det fysiske ikkje er så viktig
– Viss du har ein fysisk godt trent kropp, oppnår du også betre resultat i spelinga. Det er lett å tru at det fysiske ikkje er så viktig for å spela, men det er det, seier Oliver.
I tillegg til ein godt fysisk trent kropp, nemner dei ord som dedikasjon, innsats, struktur og vilje for å bli god. Dei er samde om at kunnskapane kan nyttast i mange spennande yrke.
– Me blir gode på kommunikasjon, på alt som handlar om kroppen, til å samarbeida og å reagera fort. I tillegg kan store it-kunnskapar trekkjast fram, fortel dei.
Likevel er det nettopp ein karriere innanfor e-sport som er det store målet.
– Eg fekk ofte høyra at «det er like stor sjanse for at du blir fotballproff». Men dette trur eg er feil. No når e-sporten framleis er i startfasen, trur eg det er mykje lettare å bli god her. For meg er i alle fall dette draumen, seier Kaspar.
Elevane tipsar – slik blir du god i e-sport:
- Set deg godt inn i spelet og les oppdateringar.
- Lær å spela aleine, men også som lag.
- Terp på det som er vanskeleg. Mengdetrening er kjempeviktig.
- Ikkje gløym å trena fysisk. Det er like viktig som å trena på spelet.
- Skaff deg gode støttespelarar i f.eks. foreldra dine. Det kan vera slitsamt om du ikkje får støtte frå dei næraste.
- Gjer det artig. Når du er barn er det viktigaste å bruka tid på kvantitet over kvalitet i spelinga.
- Sosialiser deg og skaff deg eit nettverk.
- Hugs å ta pausar.