Pressekonferanse for barn om Ukraina – send inn dine spørsmål!

Regjeringa inviterer til pressekonferanse for barn om Ukraina og dei mange som flyktar frå krigen der. Framtida Junior skal vera til stades, så send oss dine spørsmål!

Mange barn har spørsmål om krigen i Ukraina og dei ukrainske flyktningane som kjem til Noreg. Derfor kjem statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Tonje Brenna til å svara på spørsmål frå barn om krigen i Ukraina i ein eigen pressekonferanse for barn onsdag 20. april kl. 12.00.

Framtida Junior skal vera til stades for å stilla spørsmål på vegner av lesarane våre.

Still oss dine spørsmål

Du kan derfor senda inn dine spørsmål i kommentarfeltet under. Så vel me ut nokre av dei som representantane svarar på. Du kan òg senda video med spørsmålet ditt til junior @ framtida.no.

Siste frist for innsending av spørsmål er tysdag, 19. april kl. 15.00.