Utanriksministeren: – Ja, de er smartare enn Putin

I går hadde utanriksminister Anniken Huitfeldt, forsvarsminister Odd Roger Enoksen og kunnskapsminister Tonje Brenna pressekonferanse for barn.

På pressekonferansen fekk barn moglegheit til å få svar på spørsmåla sine om krigen i Ukraina. Fleire gode spørsmål vart stilte, og dei handla mellom anna om kvifor ikkje Nato kan hjelpa Ukraina og om det er sjans for at krigen kjem til å komma til Noreg.

Hanna, Emily og Mileah på 12 og 11 år på kvifor Putin eigentleg har lyst på krig.

– Me veit jo at det er ganske dumt med krig. Men veit ikkje Putin det? Er me liksom smartare enn Putin?, lurte jentene på.

– Svaret på det er ja – de er smartare enn Putin, sa utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Kunnskapsminister Tonje Brenna, utanriksminister Anniken Huitfeldt og forsvarsminister Odd Roger Enoksen svarar på spørsmål frå barn om krigen i Ukraina. Foto: Birgitte Vågenes Bakken

Ille for både dei i Ukraina og Russland

Utanriksministeren fortalde at Putin vil ha tilbake Ukraina, for å få eit større land. Slik har me ikkje drive på i Europa på lang tid. Huitfeldt fortalde vidare at dette er oppførsel me eigentleg var ferdig med.

– Krigen er forferdeleg ille for dei som bur i Ukraina, men også for dei som bur i Russland. Begge land tapar på dette.

Mange barn lurte også på korleis det faktisk går med barna som bur i Ukraina no. Kunnskapsminister Tonje Brenna fortel at dei ikkje har det særleg bra.

Viktig å ta vare på både russiske og ukrainske barn

Kunnskapsminister Tonje Brenna under Barnas Pressekonferanse om krigen i Ukraina. Foto: Birgitte Vågenes Bakken

– Sjølv om Noreg og Ukraina er forskjellige på mange måtar, så var nok livet til barna i desse to landa ganske like før det vart krig. No er det vanskeleg for mange barn i Ukraina, seier ho.

Mange har måtta flykte, gøyma seg, eller søka dekning i bomberom. Mange har også reist frå Ukraina med mødrene og bestemødrene sine, medan fedrene og bestefedrene deira må vera att for å forsvara landet sitt.

Dersom desse barna som flyktar kjem til Noreg, oppfordrar ho barn i Noreg til å ta godt imot dei.

– Me er godt førebudde på å ta imot dei her. Dei skal få tryggheit slik at livet blir fint igjen. Eg håpar at alle som får nye barn i klassen frå Ukraina, hugsar på å ta dei veldig godt imot. Ver litt ekstra snill, nysgjerrig og inkluderande, seier Brenna.

Utanriksminister Huitfeldt legg til at det også er veldig viktig å ta vare på russiske barn.

– Me høyrer at mange barn som har russiske foreldre, blir mobba no. Det er heilt uakseptabelt. Det er ikkje russiske barn sin feil at Russland har ein slik leiar. Dette er ikkje deira skuld, seier ho.

Forsvarsminister Odd Roger Enoksen under Barnas Pressekonferanse om krigen i Ukraina. Foto: Birgitte Vågenes Bakken

Ingen grunn til å tru det blir krig

For dei barna som bekymrar seg for at det kan bli krig også i Noreg, kunne statsrådane komma med beroligande nyheiter.

– Når Putin prøver å skremma oss med atomvåpen, er det nettopp for å skremma. Det er ingen grunn til å tru at me skal bli utsette for krig i Noreg, seier forsvarsminister Odd Roger Enoksen.

Her kan du sjå heile pressekonferansen der regjeringa svara på mange spørsmål som barn hadde sendt inn.