Ida Helene Manin Olsen i 6.klasse ved Forsand skule meiner briller bør bli gratis for barn under 16 år. Foto: Privat

Barn kan vere redde for og miste eller knuse brillene sine.

For eksempel viss du mister nokre lysebrune briller i snøen når du har det gøy på skulen eller heime kan det kan vere veldig vanskeleg å finne dei. Då kan ungar vere redde til å seie det til foreldra sidan briller kostar 1200 til 5200 eller meir etter kva styrke du treng.

Det er vanskeleg og delta på aktivitetar når du er redd for brillene dine.

Eg synest at briller burde bli gratis som legen og tannlegen.

Les også: Ruby (8) skreiv brev til statsministeren om briller – fekk svar