Peppa Gris er blitt kapra av Russland

Russland har stole Peppa Gris som hemn for at andre land har reagert på krigen i Ukraina.

Ingen andre land kan bestemma at Russland skal avslutta krigen – det er det berre Russland sjølv som kan.

Derfor har både Noreg og mange andre land bestemt seg for at dei skal slutta å handla med Russland, slik at Russland tener mindre pengar. Denne handlinga er også kjent som å innføra sanksjonar.

Les også: Kva betyr dei vanskelege orda i Ukraina-krigen?

Kan brukast utan straff

Styresmaktene i Russland prøver no å finna ut korleis dei skal hemna seg. Derfor har ein russisk domstol slått fast at varemerka til teikneseriefiguren Peppa Gris kan brukast av russiske verksemder utan straff, ifølgje Sky News.

Entertainment One, som eig rettane til Peppa Gris, hadde før krigen gått til retten for å få ein russisk teiknar til å slutta å laga og selga sin eigen versjon av Peppa Gris. Det er nemleg slik at den som lagar ein figur eig rettane til å selga den.

Noreg står på lista

Men, no har den russiske regjeringa sagt at det er greit at denne teiknaren og andre bedrifter i Russland brukar oppfinningar frå «uvennlege land». Utan lov frå den som har laga oppfinninga.

Noreg er blant landa på lista saman med mellom anna Storbritannia, USA og EU. Det betyr at også norske bedrifter kan oppleva at russiske bedrifter stel norske oppfinningar, for å laga sin eigen versjon.