Fakta
FØDD: 25. januar 1978, Kryvyj Rih
FAMILIE: Gift og har to barn
UTDANNING: Jus
Du har nok hørt mykje snakk om Volodymyr Zelenskyj, som er president i Ukraina, dei siste dagane. Han har på eksemplarisk vis stått opp for landet sitt, og kjempar no på gata saman med det ukrainske folket.
Då USA tilbaud seg å hjelpa presidenten å evakuera frå hovudstaden Kyiv, sa han frå om at det ikkje var noko han ønska.
– Kampen skjer her. Eg treng ammunisjon, ikkje å få sitta på med nokon, sa han.

Skodespelaren som vart president
Sjølv om han no er ein klar og tydeleg leiar for det ukrainske folket, kan ikkje Zelenskyj visa til ei særleg lang politisk karriere på CV-en sin. Han har ei noko uvanleg historie, som skil seg frå andre presidentar me kjenner til.
Volodymyr Zelenskyj vart fødd i byen Kryvvj Rih i Ukraina i 1978. Han har jødisk bakgrunn og vaks opp med å snakka russisk som morsmål.
Han er utdanna jurist, men har aldri praktisert yrket sitt. Allereie då han studerte, var han derimot aktiv i revyar og teater, og denne interessa skulle veksa då han vart eldre. Den ukrainske presidenten har nemleg ikkje bakgrunn som politikar, men som skodespelar, komikar og programleiar.

Vann med 73,2 prosent av stemmene
Hans politiske liv «starta» då han spelte i serien og filmen «Folkets tenar» i 2015.
I filmen hadde han rolla som ein mann som på uventa vis blir president i Ukraina, og rolla gjorde han til superstjerne i heimlandet. I 2017 skipa han og medarbeidarane hans eit eige parti, som fekk det same namnet som filmen – altså «Folkets tenar».
I 2019 skulle han, akkurat slik som karakteren han spelte i 2015, bli mannen på toppen av det politiske landskapet i Ukraina. Han gjekk overlegent av med sigeren, og tok plassen til Ukrainas førre president, Petro Porosjenko, etter å ha fått heile 73,2 prosent av stemmene.
Deltakar i «Skal vi danse» og «X-factor»
Allereie før «Folkets tenar», var Zelenskyj ein godt kjent mann for dei aller fleste i tidlegare Sovjetunionen. Han var med i den ukrainske versjonen av «Skal vi danse» i 2016, i den russiske versjonen av «X-factor» i 2011, og har i tillegg til dette spelt i fleire filmar.
Stemma hans er også brukt i ei rekkje filmar som er dubba til ukrainsk, som mellom anna i filmen om bjørnen «Paddington».
so apparently Zelenskyy won the Ukrainian version of Dancing with the Stars in 2006 and the tape is even better than whatever you’re imagining pic.twitter.com/L1gnKD2ISr
— Kat Abu (@abughazalehkat) February 27, 2022
Blir hylla internasjonalt
Sjølv om presidenten ikkje har mykje politisk erfaring, blir han no hylla verda over. Han er i ferd med å bli sjølve symbolet på kampviljen ukrainarane viser i møte mot angrepet frå naboen i aust.
– Eg har konstant kommunikasjon med president Zelenskyj. Eg vil gjerne rosa den store ansvarskjensla hans, skriv Emmanuel Macron, som er president i Frankrike på Twitter.
Då han heldt ein videotale for EU, vart han møtt med ståande applaus.
– Det han gjer og det han seier er oppbygginga av ein krigspoet og ein helt. Han er vår tids Winston Churchill, seier førstelektor i retorikk ved Høgskulen Kristiania til NRK.
Winston Churchill var statsminister i Storbritannia under andre verdskrig. Han var ein stor talar, med bakgrunn som offiser, forfattar og politikar.
Kjelder: ABC Nyheter, Dagsavisen, SNL, Nettavisen, VG