Desse elevane har lese seg frå jorda til månen

Fem år etter at Lesemester vart lansert, har norske elevar brukt tenesta til å lesa totalt 200 millionar sider. Det tilsvarar avstanden mellom jorda og månen – og endå litt til.

Treng du eit lesetips? Elevane deler sine favorittbøker:
  • Katharina anbefaler Nordlys-serien av Malin Falch. – Eg likar dei veldig godt. Mine favorittbøker er mysterium og liknande.
  • Eirik anbefaler fotballbøker. – Eg likar spesielt godt ei om Chelsea F.C.
  • Ludvik anbefaler å lesa Donald Duck. – Det er spennande å lesa om når dei reiser på eventyr og slikt.
  • Maja vil anbefala Frida og jakten på nesehårene av Frode Øverli: – Eg las den nettopp og likte den godt.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er ganske artig at det går an å komma så langt ved å lesa, seier Eirik Tingvatn-Losnegaard (11).

– Eg synest at det er heilt sinnsjukt. Og litt rart, seier Ludvik Vaage (11).

Maja Rødne (10) og Katharina Berg Danilova (11) nikkar enig, før Katharina skyter inn:

– Det er veldig kult at me har fått vera med på å ta den rekorden.

Dei fire femteklassingane ved Strusshamn skole på Askøy utanfor Bergen, er blant tusenvis av barn som har vore med å ta ein skikkeleg kul rekord. No har nemleg desse fire – og mange fleire elevar i Noreg, til saman lese 200 millionar sider i Lesemester. 

Les også: Amund og Tiril reiser verda rundt – utan handsprit og munnbind

400.000 kilometer med tekst

Lesing er viktig: – Du må kunna lesa når du gjer veldig mange heilt daglegdagse ting. Til dømes kan det vera å lesa av prisen på ei vare i butikken, når du skal halda deg oppdatert på nyheiter, eller viss du driv med gaming, seier Lundberg. Foto: Privat

Anita Lundberg, som jobbar som marknadssjef i Lesemester, forklarar at teknikarane deira ville gjera noko morosamt ut av den spinnville rekorden.

– I Lesemester har ei bok i gjennomsnitt 10 linjer per side, og kvar side er 20 centimeter brei, noko som betyr at det blir 2 meter tekst per side. Viss du multipliserer 200 millionar med 2 meter, får du 400.000 kilometer. Frå jorda til månen er det 384.400 kilometer, så det betyr at elevane har lese seg heilt opp til månen og litt forbi. Det er heilt utruleg kult, seier Lundberg.

Ho forklarar at Lesemester har eit stort bibliotek med digitale bøker på nynorsk, bokmål, engelsk og samisk.

– Elevane kan logga inn og lesa eller lytta til bøker, svara på quizar og samla lesepoeng for å gå opp i nivå.

Slepp å gå på biblioteket

Nokre av elevane som gjer nettopp dette, er elevane ved Strusshamn skole. Dei kan fortelja at dei har brukt Lesemester sidan dei gjekk i 3. klasse og at dei har lese mange bøker og lært masse ved å nytta tenesta.

– Me kan for eksempel lesa faktabøker, der me mellom anna kan læra meir om dyr. Eller så kan me lesa engelske bøker for å bli betre i engelsk, seier Ludvik.

Leseglad gjeng: 5B ved Strusshamn skole på Askøy utanfor Bergen likar å lesa. Mange av dei er svært nøgd med at det er mange fotballbøker å velja mellom på Lesemester. Foto: Privat

Elevane meiner at det er fleire fordelar med ei digital leseteneste.

– Me slepp å gå på biblioteket, og så kan me sjå kva vennene våre les. Det gjer at me får mange tips, seier Maja.

– Ha tru på deg sjølv

Feiring: Lesemester har feira rekorden med ei kjempestor marsipankake, der alle som jobbar for Lesemester fekk smaka. – Me skal også legga ut diplom til elevane som lærarane kan skriva ut og dela ut. I tillegg skal me ha ein utruleg kul lesekonkurranse som heiter Lesereisen i vår, og då håpar me at elevane klarar å lesa heilt til 300 millionar, seier Anita Lundberg. Foto: Privat

Mange barn synest at det er vanskeleg å lesa bøker. Derfor vil Lesemester påverka til leselyst – dei vil nemleg at alle barn skal lika å lesa, og lesa mykje.

– Sidan lesing er så viktig er me opptatt av at det skal vera gøy å lesa mykje og ofte! For les du mykje, blir du flinkare, og då synest du også at det er gøyare. I tillegg er me opptatt av at alle skal føla på meistring og at alle skal finna bøker dei likar, seier Lundberg.

Eirik, Ludvik, Maja og Katharina har sjølv følt på at lesing kan vera tungt. Derfor har dei nokre tips, som kan vera lurt å hugsa på.

– Halda fram med å lesa, og finn ei bok som passar deg og dine interesser, seier Eirik.

Det er også viktig å hugsa på at ein kan starta med ei lett bok. Når det er greit, kan ein heller oppgradera til ei som har litt mindre tekst eller litt fleire sider.

– Eg trur det viktigaste er å ha tru på deg sjølv, seier Katharina.