Forskar: – Båtane er på veg til Arktis

Båtane elevane har dekorert, er kome seg trygt om bord på isbrytarbåten Le Commandant Charcot, som skal frakta dei til Arktis. Forskar Kjetil Lygre fortel at trebåtprosjektet kan gi dei viktig informasjon om klimaet på jorda.

– Målet med forskninga er i første rekkje å finna ut korleis isen driv og sjå kva område den er innom. Sidan isen blir tynnare på grunn av oppvarminga i havet, vil den driva fortare. Me samanliknar med tidlegare innsamla data, for å sjekka om farten har auka, seier Kjetil Lygre.

Han er forskar ved Nansenseteret og jobbar med trebåt-forskninga, som har fått namnet «Float your boat».

Lygre fortel at trebåtane til elevane allereie er på veg til Arktis, og at dei skal plasserast ut på isflaket om nokre vekers tid.

Les også: 11-åringane bidreg til viktig klimaforsking: – Ikkje ei moglegheit du får kvar dag

Kan følgja med på nettsida

– Truleg vil nokre av dei enda opp aust i Grønland eller på Svalbard. Men no er det faktisk blitt funne ein båt som har stranda på Island. Den eine målebøya som har GPS-sendar, er komme forbi Grønland og nesten heilt til Canada, seier han.

Forskarane ved Nansensenteret synest det er kjekt at elevane har bidratt.

– Me tenkte at dette var noko barn ville lika å vera med på, sidan det er ei aktiv og praktisk tilnærming til forskning. Dette kan jo bli litt spennande, sidan me har ei nettside der elevane kan følga med på kvar isflaket flyt.