Forslaget går ut på at «hen» får status som personleg pronomen, altså som tredjeperson slik «han», «ho» og «det» har i dag. Det betyr at dei som ikkje kjenner seg som «han» eller «ho» kan bruka «hen» i rettskrivinga.
– Eg reknar med at så i tilfelle kan skje på våren eller tidleg haust, seier seksjonssjef Daniel Ims i Språkrådet til Blikk.
Les også: Alle menneske har sin eigen identitet
Eit forslag
– Dette er eit rettskrivingsforslag, forklarer Ims om prosessen som kan føra til at «hen» blir offisiell norsk språkbruk.
Han leiar avdelinga hjå Språkrådet som førebur høyringsforslag før dei blir sendt ut.
– Om «hen» blir vedtatt som rettskrivingsform, så vil det òg komma til å stå i ordbøkene, seier Ims til Blikk.