Stadig fleire av denne fargerike fuglen i Nord-Noreg

Førre helg var den store fugletellehelga. Klimaendringar gjer at ein kan sjå fleire typar fuglar lenger nord enn tidlegare.

Hagefuglteljing skjer alltid siste helga i januar. Då tel folk over heile landet fuglar i nærområde for å sjå korleis det står til med vinterfuglane. Kanskje din skule har vore med på årets teljing?

Noko av det som kjem fram av teljinga i år, er at spurven Stillits har trekt lenger nord.

– På 1960-talet var Stillits berre observert rundt Oslofjorden. Dei siste 10–20 åra har fuglen flytta seg nordover langs kysten og inn i Trøndelag. Så drog han vidare i opp til Nordland og inn i Troms. Arten har hatt ein veldig positiv framgang, fortel Morten Ree i Birdlife Noreg, til NRK.

Les også: Denne fuglen flyg frå Noreg til Sahara-ørkenen utan pause

Ikkje ei positiv utvikling

At det både har vorte varmare temperaturar og at folk fôrar fuglane med fuglmat og solsikkefrø, gjer et enklare for funglane å overleva vinteren. Det er hovudgrunnen for at spurvefuglen har komme så langt nord, ifølgje Ree.

NRK har også snakka med John Atle Kålås, seniorforskar i NINA, som meiner at utviklinga ikkje er spesielt positivt.

– Sjølv om det kanskje kan verka positivt med meir fugleliv, er dette ein effekt av mildare klima. Sånn sett er det ikkje ei positiv sak, seier Kålås.

Les også: Årets fugl er ikkje ein fugl – men ei flaggermus