Årets fugl er ikkje ein fugl – men ei flaggermus

Vinnaren av «årets fugl» i New Zealand, var av det litt uvanlege slaget.

Den er nemleg ikkje ein fugl i det heile tatt – men ei flaggermus, som er eit pattedyr!

Bakgrunnen for den litt uvanlege konkurransen, er å gjera innbyggjarane i New Zealand litt meir merksame på artane dei lever saman med. I hovudsak prøver arrangørane av konkurransen å framsnakka dyra som er truga, skriv Newsforkids.

Les også: Det finnast seks gonger fleire fuglar enn menneske i verda

Ein truga art

Dessverre er årets vinnar ein av dei truga artane i New Zealand, då rovdyr som kattar og rotter likar den svært godt.

I tillegg er den også råka tap av skog og klimaendringar.

Les også: Sommarfuglane forsvinn i Storbritannia