Denne fuglen flyg frå Noreg til Sahara-ørkenen utan pause

Mange av trekkfuglane våre flyg til Spania eller Kanariøyene der dei likar å vera om vinteren. Men, det finst også fuglar som flyg halve jorda rundt!

– Mange fuglearter kjem helst tilbake til dit dei vart fødde og voks opp, seier John Atle Kålås til Ung.Forskning.no. Han er fugleforskar ved Norsk institutt for naturforskning, NINA.

Det finst nokre trekkfuglar som flyg ekstremt langt to gangar i året.

– Det er mange nesten utrulege døme på slike lange reiser, seier fuglforskaren. 

Terner frå Noreg flyg heilt ned mot Sørpolen om hausten og blir der over vinteren. Det er nesten frå den eine polen til den andre. Lappspovar kan flyge frå Alaska til New Zealand, utanføre Australia.

Det er ei strekning på over 15.000 kilometer. Då flyg dei over ope hav utan å mellomlanda for å ta ein pause. Det er langt, det! 

Frå Noreg til Sahara

Dobbeltbekkasinen som hekkar i fjellområda våre, reiser til land sør for Sahara-ørkenen. Også den dreg utan mellomlandingar.

– På førehand doblar den nesten vekta si, for å bunkra opp, seier Kålås til Ung.Forsning.no.

Fuglen veg 150 gram og legg på seg til 250 gram. Og så et en ikkje noko medan flygeturen varar.