Mange eksotiske dyr har fått korona

Det er ikkje berre me menneske som kan få korona – dyra kan også bli smitta.

Sidan pandemiens start, har det blitt meldt om at både eksotiske dyr og husdyr har blitt smitta av det smittsame koronaviruset.

I januar i år, meldte dyreparken San Diego Zoo Safari Park i USA om at fleire gorillaar hadde testa positivt for koronaviruset. Dei som var smitta vart isolert saman, og kom seg fort til hektene att.

Men også andre artar er blitt råka av viruset. I 2020 vart det oppdaga eit mutert koronavirus i fleire minkfarmar i Danmark. Det førte til at styresmaktene bestemte at alle minkane i landet skulle avlivast, slik at vidare smitte kunne unngåast. I nabolandet Finland vart det tidlegaee i år bestemt at minkane skulle få koronavaksine, for å unngå at det samme skjedde der.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

– Første gong denne arten blir smitta av korona,

Men det er ikkje berre gorillaar i USA og mink i våre nordiske naboland som er blitt råka.

BBC melder at viruset også har kome seg inn i dyrehagen i Antwerpen i Belgia, og smitta dei to flodhestane Imani og Hermien. Dyrepassarane merka at nasane til flodhestane var unaturleg tørre, og at dei hadde snørrete nasar.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

– Etter det eg veit er dette første gong denne arten blir smitta av korona, seier Francis Vercammen til BBC.

Les også: Vi smittar katten og hunden med korona

Flest kattedyr som får korona

Men etter snart to år med koronapandemi, kva veit me eigentleg om korleis dyr som er i fare for å få viruset?

National Geographic skriv at det i USA er oppdaga 315 dyr frå 15 ulike artar som har fått Covid-19. På lista står kattar, hundar, tiger, løve, snøleopardar, gorillaar, oterar, ein puma, ein ilder og hjort (mink er ikkje tatt med i denne totalen).

Heilt frå starten av pandemien, er det kattedyra som går att som dei som blir mest smitta.

– Men det betyr ikkje sikkert at kattedyra er meir mottaklege for viruset – det har me ikkje nok forskning på til å seia sikkert, seier Elizabeth Lennon, som er veterinær ved University of Pennsylvania’s School of Veterinary Medicine til National Geographic.