Gorillaar for første gong smitta av korona

I dyreparken San Diego Zoo Safari Park i USA, har fleire gorillaar testa positivt for koronaviruset.

I starten av denne veka fekk to gorillaar påvist smitte av koronaviruset. Opp mot åtte gorillaar som lever saman i dyreparken kan vera smitta av viruset, då det er fleire som hostar, skriv dyreparken i ei pressemelding.

– Dyra som er smitta er saman i karantene, og dei drikk og et godt. Me håpar at dei kjem seg fort, seier dagleg leiar i dyreparken, Lisa Peterson, i pressemeldinga.

Smitta av dyrepassar

Dyreparken trur at dyra kan ha blitt smitta av ein dyrepassar som ikkje hadde symptomar på koronaviruset.

Dette er første gong store aper er blitt smitta av viruset, og dyreparken skriv at det er usikkert korleis dyra kjem til å reagera på det.

Dei sjuke gorillaane vert nøye overvåka av veterinærar, som gir dei vitaminer, men ikkje anna behandling, skriv VG.

Dyreparken har vore stengt for besøkjande sidan 6. desember, på grunn av mykje korona-smitte i California.