Vi smittar katten og hunden med korona

Viss du er sjuk, er det ikkje så lurt å sova saman med katten.

Er det slik at koronasjuke eigarar ofte smittar dyra sine? Det har kanadiske forskarar freista å finna ut av, skriv Ung.Forskning.no.

Professor Dorothee Bienzle og samarbeidspartnarane hennar har undersøkt 48 kattar og 54 hundar. Dyra budde saman med eigarar som fekk korona. I tillegg undersøkte dei eigarlause kattar og hundar, som hadde lite kontakt med menneske.

Forskarane tok blodprøvar frå alle dyra. Dei undersøkte om kattane og hundane hadde antistoff mot koronaviruset. Antistoff er stoff som kroppen lagar når den forsvarer seg mot ein sjukdom.

Viss du har antistoff mot ein spesiell sjukdom i blodet, betyr det at du har hatt nettopp denne sjukdommen.

Mange dyr blei smitta

På denne måten oppdaga forskarane at mange av kjæledyra som budde saman med koronasjuke menneske, hadde vore smitta av korona.

Litt under halvparten av hundane hadde vorte smitta av eigarane sine. Men ingen av hundane var alvorleg sjuke. For kattane var det verre. To tredelar av kattane var vorte smitta. Nokre få av kattane hadde òg vore alvorleg sjuke.

Derimot hadde veldig få av dei eigarlause dyra vorte sjuke. Under eitt av ti dyr hadde antistoff mot korona.