Dette er årets artigaste dyrefoto

Desse bilda kan få ein kvar surfis til å trekkja på smilebandet. Vinnarane i årets artigaste fotokonkurranse er kåra.

AUUU: Vinnarbildet frå 2021 heiter «Ouch!» – og det er nettopp slik det ser ut. Bildet av den uheldige silkeapa er tatt i Kina. Foto: © Ken Jensen / Comedy Wildlife Photo Awards 2021

– Det er veldig overraskande å sjå kor individuelt humor er, skriv Michelle Wood i ein e-post til Framtida Junior.

Ho jobbar i Comedy Wildlife Competition, og nyleg kunne ho og kollegaane hennar offentleggjera vinnaren av årets artigaste bilde frå dyreriket. Den heldige vart stemt fram av eit panel av dommarar som er komikarar, fotografar, naturvernarar og tidlegare vinnarar.

– Panelet gir karakterar mellom 1–20. Me leggjer saman alle poengsummane og vinnaren er den som får flest poeng. Enkelt og greit, seier ho.

Engasjerer og samlar publikum

Den morosame konkurransen vart oppretta i 2015 – og i år er den sjette gongen den blir arrangert.

– Det heile starta når ein av medgründerane mine, Paul Joynson-Hicks, innsåg at morosame bilde var ein fin måte for å engasjera og samla publikum om eit felles mål – både å feira dyrelivet og kjempa for å ta vare på planeten vår, seier ho.

Sidan den gong har konkurransen vokse seg til å bli ein global konkurranse. Kvart år får dei fleire tusen bidrag frå fotografar over heile verda.

Pingvinar er favoritten

Kva dyr som blir fotografert, er opp til den enkelte. Michelle fortel at ho synest at det er vanskeleg å konkludera med kva som er det løgnaste dyret, men personleg set ho pingvinen høgt.

– Måten dei går på og gestikulerer til kvarandre på når dei er på land, er så utruleg artig. Og så hoppar dei ut i vatnet, og plutseleg blir dei vakre og grasiøse, seier ho.

Tips til deg om vil ta gode dyrebilde: 

  • Det er faktisk utruleg vanskeleg å ta eit morosamt dyrebilde – du må vera veldig tolmodig, veldig rask og veldig heldig.
  • Ta med deg kamera eller mobiltelefonen din overalt, studer det du prøver å fotografera og bli kjent med rutinane til dyret.
  • I år er har duer vore det mest fotograferte dyret i konkurransen vår. Det er hundrevis av dei i parkar og hagar – så hald augene opne!