Her er verdas beste dyrebilete tatt av barn

Dyrefotografia til Andres frå Spania, Sam frå USA og Liina frå Finland vart kåra til årets beste tekne av barn. Kanskje blir det dine bilete neste gong?

Ved Natural History Museum i London har dei årleg éin konkurranse for vaksne, og éin for barn, der dei kårar dei beste fotografia av ville dyr i naturen. No er vinnaren mellom dei 49.000 innsende vaksenbidraga klar.

Det er eit fotografi av ein sibirtiger, ein særs trua dyreart, som det berre finst om lag 500 stykk igjen av i det austlege Russland. Det er fotograf Sergej Gorsjkov som har teke blinkskotet, der det ser ut som om tigeren omfamnar eit tre.

KLEM. Det ser ut som om sibirtigeren gir treet ein klem. Men eigentleg prøver den berre å leggje igjen lukta si, som ein måte å kommunisere med andre tigrar. Foto: Sergej Gorsjkov/Wildlife Photographer of the Year.

Vinnarane av konkurransen for barn

Museet har også ein eigen konkurranse for dei under 18 år. Det er tre ulike kategoriar delt inn etter alder, og desse blei årets vinnarar:

Klassen for dei under ti år:

FUGL. Andres Luis Dominquez Blanco frå Spania klarte å ta dette biletet utan å forstyrre fuglen som sat på greina. Foto frå: Wildlife Photographer of the Year

Klassen for 11 – 14 år:

KLOVNEFISK. Sam Sloss frå USA og Italia vann sin kategori med dette biletet av ein klovnefisk. Foto frå: Wildlife Photographer of the Year

Klassen for 15 – 17 år:

VINNAR. Finske Liina Heikkinen vann konkurransen om å bli årets unge naturfotograf med dette biletet av ein reveunge. Saman med far sin, som også driv med naturfotografi, følgde ho med på to reveforeldre som gjekk til og frå hiet med mat. Då reveungane fekk ei gås slost dei om kven som skulle ete den, og Liina følgde etter den ungen som vann kampen, og tok eit bilete av den medan den åt. Foto frå: Wildlife Photographer of the Year

Likar du å fotografere? Bli med på konkurransen!

Har du tatt eit fint bilete av eit vilt dyr, eller har du lyst til å prøve å ta eit? Då kan du bli med i konkurransen om å bli årets unge naturfotograf i 2021! Du kan også ta bilete av omgjevnadane til dyra eller av ville planter. Eller du kan fotografere menneska sin påverknad på naturen.

Men du bør vere rask, for konkurransen opnar opp for nye bidrag i morgon, 19. oktober, og stenger igjen 10. desember.

Det er gratis og ope for alle som er 17 år eller yngre å delta. Kvar deltakar kan sende inn ti fotografi. Dersom du vinn din kategori får du ein tur til London og prisutdelingsseremonien. Og dersom du blir kåra til årets unge naturfotograf vinn du i tillegg 1000 pund (om lag 12 000 kroner) og ein flott pokal.

Les meir om konkurransen og send inn dine bidrag her.

(OBS: Sida er på engelsk, så få gjerne ein vaksen til å hjelpe deg)