Vulkanutbrotet på La Palma kan vera det lengste på 500 år

I 11 veker har enorme lavamassar slukt mål etter mål på La Palma. Ekspertane ser endå ikkje teikn til at vulkanen vil roa seg.

Dei siste 500 åra har det ikkje vore utbrot som har vart så lenge på kanariøya La Palma, melder NRK.

19. september vakna vulkanen Cumbre Vieja til live for første gong på 50 år. Dei eksplosive utbrota har ført til at fleire tusen menneske har blitt evakuert frå heimane sine.

Kanariøyane er kjent for aktive vulkanar. Både i 1946 og i 1971 var det utbrot på La Palma.