Den britiske regjeringa går no gjennom ei stor omskifting i dyrevelferdslovene. Eit av dei siste lovforslaga, The Animal Welfare (Sentience) Bill, er å formelt anerkjenne dyr som sansande vesen – at dei kan føle glede, smerte og andre kjensler.
– Nasjon med dyreelskararar
Når ein forankrar at dyr er sansande i lova, må alle nye lover ta med i rekninga at dyr kan føle kjensler som glede eller smerte, skriv dei i ei pressemelding.
– Som ein nasjon med dyreelskarar burde me ikkje venta mindre enn å gi sansande vesen den rettslege anarkjenninga dei utan tvil fortener, seier han i pressemeldinga.
Originalt berre virveldyr
Regjeringa har no lagt til blekksprut-artar og krepsdyr på lista over artar som skal vera inkluderte i den nye lova.
Det betyr at mellom andre hummarar, blekksprutar og krabbar er blant dyra som Storbritannia no vil klassifisere som sansande vesen.
Den opphaveleg lova såg berre på dyr med ryggrad (virveldyr) som sansande, og eksluderte andre dyr. På grunn av ein ny forskingsrapport som viser at også hummar, krabbe og blekksprut kan føle ubehag og smerte, har dei lagt til desse dyreartar.
Dyrevelferdsminister, Lord Goldsmith, seier at Storbritannia alltid har leia veg på dyrevelferd.
– Forskinga er no klar på at blekksprutdyr og krepsdyr kan føle smerte, og dermed er det berre rett at dei er dekt under denne viktige lova.
Først med dyrevernslov
Storbritannia var det første landet i verda som innførte ei lov for å verna om dyr i 1822, då dei innførte The Cruel Treatment of Cattle Act og seinare Protection of Animals Act i 1911.
Nyleg utvida dei også strafferamma for dyreplageri frå seks månadar til fem år.
Den norske dyrevelferdslova inkluderer pattedyr, fuglar, krypdyr, amfibiar, fisk, tifotkreps, blekksprut og honningbier.