Langs nordaustkysten av Australia ligg Great Barrier Reef, verdas største korallrev. Eit korallrev er bygd opp av millionar av små koralldyr som lever saman i store koloniar. Revet er heim for tusenvis av fiskar, skilpadder og andre dyr, og er ein av dei mest artsrike stadene i havet.
No viser ein ny rapport at store område med skog og buskland er blitt rydda i områda rundt revet. Når trea forsvinn, blir jorda meir utsett for regn og vind, skriv Kids News.
Vil skaffa meir beite
Mellom 2018 og 2023 vart meir enn 856.000 hektar skog og buskland rydda i områda som drenerer vatn til korallrevet. Mykje av ryddinga vart gjort for å skaffe meir beite til husdyr.
Når tre og plantar blir fjerna, held ikkje røtene lenger jorda på plass. Då kan kraftig regn skylle jord og slam ut i elvar og bekkar. Vatnet fører så jordpartiklane vidare til havet.

Grumsete vatn
Desse små jordpartiklane blir kalla sediment. Når store mengder sediment hamnar i sjøen, kan dei gjere vatnet grumsete og leggje seg over korallane som eit lag med gjørme. Då får korallane mindre lys og vanskelegare forhold for å vekse.
– Revet blir gravlagt i gjørme, og me veit kvifor det skjer, seier miljøforkjemparen Lyndon Schneiders til Kids News.
Korallbleiking
Forskarar er bekymra fordi korallrevet allereie er under press frå klimaendringar. Varmare havvatn kan føre til korallbleiking, som skjer når korallane mistar dei små algane som gir dei farge og næring. Dersom dette varer lenge, kan korallane døy.
Australske styresmakter har innført nye reglar for å avgrense skogrydding nær område som påverkar korallrevet. Miljøorganisasjonar meiner likevel at det må gjerast meir for å ta vare på revet.
Great Barrier Reef er ikkje berre viktig for dyra som lever der. Kvart år kjem millionar av menneske for å oppleve det, og revet skaper mange arbeidsplassar i Australia.




















