Kva gjer oss ulykkelege?

Stadig oftare kjem produkt, appar og videoar som skal gjera livet vårt lettare og betre, men det heile ser ikkje ut til å fungera.

Ungdommar blir berre meir og meir ulykkelege. Lykkenivået for unge mellom 15–24 år har sokke med 11 prosentpoeng frå 2009 til 2019, ifølge ei stor undersøking. Kvifor er det slikt?

Kva er det som gjer at ungdommar over heile verda føler seg mindre fornøgd med livet? Kva er det som er nytt no, og kva kan gjerast for å endra det?

Les også: Ungdom er mindre lukkeleg enn før

Avhengig av mobilen

Det er ingen løyndom at me ungdommar er avhengig av mobilen vår, og kanskje er det nettopp derfor me blir meir og meir misnøgd med vårt eige liv. På sosiale medium blir me utsette for perfekte, urealistiske og problemfrie liv. Og problemet her er at me samanliknar oss sjølv med fasadane som folk gøymer seg bak.

For sjølv om me veit at alt som blir lagt ut på sosiale medium ikkje er røynda, jaktar me etter noko slikt.

Og problemet her er at me samanliknar oss sjølv med fasadane som folk gøymer seg bak.

Det har aldri vore så enkelt å samanlikna, stenga ute og slenga stygge kommentarar til andre som no. No er det berre eit få tastetrykk – og skaden er gjort. Du treng ikkje ein gang å sjå vedkommande i auga.

Kva kan me gjera?

Du ser venane dine heng ilag utan deg på snapchat-storyen og du ser perfekte kroppar på Instagram. Er det rart me blir overvelda då? Nei, det er ikkje det, men kva kan me gjera med det?

Me kan ikkje berre legga mobilen ifrå oss og leva eit liv utan den. Mobilen ein stor del av ungdommen, og eg trur ikkje løysinga er å kutta den ut. Me burde heller setja grenser og snakka om det me ser og opplever på internett. Kanskje dei store influensarane burde starta å promotera eit meir realistisk liv.

Det er ikkje lett å vita kva som er årsaka til at ungdom blir meir ulykkelege. Eller kva me skal gjera for å endra denna kursen, men eg trur me alle kan ha godt av å senka skuldrene. Å snakka med dei rundt oss.

Fordi du er ikkje aleine. Du er ikkje den einaste som føler deg slik. Så la oss heller snakka med kvarandre om kjenslene våre. La oss innrømma kjenslene vår, og gjera kvarandre betre.