Ungdom er mindre lukkelege enn før

– Det er tydeleg at det skjer noko med dei unge, som det er all grunn til å ta på alvor.

Det seier samfunnsforskar og professor emeritus Ottar Hellevik ved Universitetet i Oslo til NRK. Saman med Tale Hellevik har han analysert data fra ei stor undersøking om livskvalitet blant nordmenn.

Studien slår fast at lykkenivået til norske ungdommar og unge voksne har sokke veldig dei siste åra.

Forskinga baserer seg på spørjeundersøkinga Norsk Monitor, som sidan 1985 har kartlagt livskvaliteten til over 70.000 nordmenn.

Les meining om dette temaet: Kva gjer oss ulykkelege?

Bekymra for framtida

Noko av grunnen til at ungdom er mindre lukkelege no enn tidlegare, er ifølgje forskarane at mange er bekymra for klimakrisa, for om dei vil få seg ein jobb og kor vidt det vil bli mogleg å kjøpa sin eigen bustad. 

Fleire er rett og slett veldig bekymra for framtida si.

Nedgangen i lukkenivået for personar mellom 15–39 år er først og fremst overraskande fordi ungdommar har brukt å vera meir lukkelege enn dei som er litt eldre. Hellevik fortel til NRK at forsking viser at me tidlegare har vore på vårt mest lukkelege når me er rundt 30 år gamle.

– Me hadde ikkje rekna med at dei unge skulle sokka under dei eldre i opplevd livskvalitet og lukkekjensle, seier han.