Jennie Sofie vil hjelpa andre å takla kjærleikssorg: – Alt vil bli bra att

For to år sidan gjekk Jennie Sofie Lie Pickl (20) gjennom ei vond kjærleikssorg. No er ho aktuell med boka «Mitt nakne hjerte», som ho håpar vil vera ei slags trøst og støtte til dei som står i det same.

Både vanskeleg og fint: Jennie Sofie fortel at det var både vanskeleg og fint å gå gjennom eit offentleg brot. – Det var vanskeleg at folk skulle meina så mykje om brotet og det skulle spekulerast i. Samtidig var det ein styrke å få så mange hyggelege og støttande meldingar. Kjærleiken frå følgjarane mine var enorm. Foto: Privat

– Det viktigaste eg har lært, er at alt vil bli bra att. Eg får ikkje sagt det nok – eg ville ikkje vore forutan kjærleikssorga. Ho gjorde meg til eit betre medmenneske og ho gjorde meg sterk, seier Jennie Sofie Lie Pickl (20).

For to år sidan opplevde ho å gå gjennom eit brot med sin dåverande kjæreste. Då ho valde å vera open om det til følgjarane sine, tok det ikkje lang tid før spørsmåla rann inn.

Både for dei stormforelska og dei med hjartesorg

– Eg laga ein video der eg svara på ein del spørsmål og publiserte han på YouTube. Eg vart overraska over kor mykje videoen vart sett, og at eg ikkje fekk ein einaste negativ kommentar.

Då ho hadde fått brotet litt på avstand, kjende ho at ho var klar for å snakka ut.

Resultatet er boka «Mitt nakne hjerte». Her får lesarane innblikk i Jennie Sofie sin første, store kjærleik. Dei får også vita korleis ho kom seg over den.

Vil hjelpa andre: Med «Mitt nakne hjerte» vil Jennie Sofie vil vera ei venninne for andre som opplever kjærleikssorg. Ho har erfart at til og med når hjarta kjennest knust for alltid, så går livet vidare. Foto: Vigmonstad&Bjørke

Har ikkje fasiten, men tips og råd

– Denne boka er eit svar til alle dei som framleis sender meg spørsmål etter at det har blitt slutt med kjærasten. Det er ei bok til dei som vil førebu seg på kva det vil seia å bli stormforelska.

Ho håpar at den kan vera ei slags trøst og støtte til dei som står midt i kjærleikssorga, men også at den kan gi håp.

– Eg har ikkje fasiten på korleis ein skal koma seg gjennom kjærleikssorg, men eg kan komma med tips og råd. Eg fann jo kjærleiken att, noko eg på det tidspunktet aldri trudde ville skje.

Jennie Sofie sine beste tips for å komma seg vidare frå kjærleikssorga:

  • Finn tilbake til deg sjølv. No kan du endeleg gjera akkurat det du vil – utan å tilpassa deg ein annan person
  • Bruk tid på dei du er glad i
  • Gjer ting som gir deg glede
  • Finn nye hobbyar