Kjærleikssorg er ofte vanskelegast når du er ung

Det meiner professor i psykologi, Frode Thuen.

– I ungdomstida er det mykje kjensler i sving, og mange prøver å finna seg sjølv. I ein periode kor mykje anna er i omveltning kan det vera krevjande å skulla handtera så vonde kjensler, seier Thuen til Gjensidige.

Han fortel at sidan dei som er unge har mindre livserfaring enn dei som er litt eldre, kan det følast overveldande med kjærleikssorg. Dei som er vaksne klarar i større grad å tenka framover og å forstå kjenslene sine.

Veldig variabelt kor lang tid det tek

Dei aller fleste av oss vil oppleva kjærleikssorg minst ein gong i løpet av livet. Men kor lang tid det går før dei vonde kjenslene forsvinner, er veldig individuelt.

– Det kjem an på personlegheit, korleis det skjedde og kva gamle sår brotet eventuelt har virvla opp. Alt frå nokre veker til mange månader er innanfor normalen. Det er heller ikkje unormalt at det det kan ta eit år eller to å komma seg heilt, seier Psykolog ved Psykologvirke i Oslo, Ivar Goksøy.