Er du forelska i ein ven?

Kjenner du deg forelska i nokon du allereie er ven med? Det er ikkje uvanleg å forelska seg i nokon ein allereie kjenner godt. Ung.no har laga gode råd til deg som kjenner det slik.

Kanskje har de kjent kvarandre lenge, og plutseleg merkar du at du ser på venen din på ein litt annan måte? Det er ikkje alltid lett å vita kva ein skal gjera i slike situasjonar. Det kan vera skummelt fordi du ikkje ønskjer å øydelegga ein god venskap, noko som kan skje dersom venen din ikkje skulle føla det same.

Det du først og fremst kan gjera i ein slik situasjon er å freista å finna ut av om vennen din føler det same tilbake. Det er inga oppskrift på korleis du kan finna ut av det heilt sikkert utan å spørja rett ut, men det er mogleg å få eit visst inntrykk om du ser etter nokon hint.

1: Komplimentar: Kanskje kan du gi nokre komplimentar for å sjå korleis dei blir tatt i mot. Får du nokon komplimentar tilbake?

2: Flørting: Har du prøvd å vera litt meir flørten mot vennen din? Det går an å flørta ved å sitja litt tettare inntil han/henne i situasjonar der de er i nærleiken av kvarandre. Eller du kan invitere venen din på kino?

3: Sjå etter teikn: Prøv å sjå korleis vennen din reagerer når du gir litt ekstra merksemd i ein periode. Verkar han eller ho ukomfortabel, eller får du litt ekstra merksemd tilbake? Sistnemnde kan vera eit teikn på at den andre personen òg føler noko ekstra for deg. Viss venen din verkar ukomfortabel, er det viktig at du respekterer grensene til venen din.

Sei noko om det

Dersom du føler at du får nokre signal tilbake, kan det vera fint å seia noko om det. Det er jo sjølvsagt skummelt og vanskeleg å vita korleis du kan gjera dette, men om det kjennest komfortabelt så er det den einaste måten å få eit tydeleg svar på.

Kanskje kan du seia noko slikt: «Eg likar deg meir enn som ein ven, likar du meg?», eller «Eg har lyst å vera kjærasten din, vil du vera kjærasten min?».

Det er aldri godt å vita korleis reaksjonane til vennen din vil vera, så det å førebu seg på at det kan gå på ein annan måte ein forventa er nok lurt. Det er vondt å bli avvist, men det betyr ikkje at det er noko gale med deg.

Det som er viktig å hugsa på er at sjølv om det er ein risiko for at venen din ikkje føler det same tilbake, så må ikkje det bety at venskapen blir øydelagt.

Foto: Pixabay