– Me skal ha med oss store batteri som skal forsyna konsertarenaene med straum til showa våre. I tillegg skal me ta i bruk lokale solcellepaneler, og installera kinetiske golvfliser. Me skal sørga for at alt med denne turneen er bra for miljøet, fortel trommeslagaren Will Champion i eit intervju med NRK.
Kinetiske golvfliser fangar opp energien som blir generert når folk går på dei, eller i dette tilfelle dansar, og gjer det om til straum som kan driva Coldplay sine konsertskjermar.
Den unge generasjonen
På spørsmål frå NRK om dei føler eit spesielt ansvar i klimakampen, som rollemodellar for tusenvis av fans, svarer bassist Guy Berryman følgjande:
– Me tek ansvaret vårt seriøst, men me meiner at dei verkelege rollemodellane er den unge generasjonen. Dei har den sterkaste og tydelegaste stemma her og me er heilt samd med dei. Det er dei som overtar kloden etter oss.