Koronakrisa har gjort det endå vanskelegare å vera jente og det er frykta at 10 millionar fleire jenter vil bli gifta bort innan 2030.
Kampen mot barneekteskap er viktigare no enn nokosinne, ifølgje Plan.
– Årets TV-aksjon går til Plan International Noregs arbeid mot barneekteskap. Saman skal me nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Me skal jobba for at jenter får bli på skulen, at barn, unge og eldre får opplæring i rettane til jenter og i likestilling og at lovverket skal verna barn frå å bli gifta bort. Barn skal få vera barn, ikkje brud, seier Nina Margareta Høie i Plan Norge.
Kva er den lågaste alderen barn kan risikera å bli gifta bort?
– Dette varierer veldig frå land til land og stad til stad. Men over heile verda ser me at jenter i ungdomsskulealder (under 15 år) blir gifta bort. I Niger til dømes, blir meir enn 1 av 5 jenter gifta bort før dei har fylt 15 år, fortel Nina Margareta.